-

Tenesteoversikt

Barnehagen skal, i samarbeid og forståing med heimen, ivareta barna sine behov for omsorg og leik, og fremje læring og danning som grunnlag for allsidig utvikling.

Barnehagen skal ha ein helsefremjande og førebyggjande funksjon, og bidra til å utjamne sosial ulikskap. Barna si fysiske og psykiske helse skal fremjast i barnehagen. Barnehagen skal bidra til at barna opplever trivsel, livsglede, meistring og kjensle av eigenverd, og førebyggje krenkingar og mobbing. Om eit barn opplever krenkingar eller mobbing, må barnehagen handtere, stoppe og fylge opp dette.

Skulen jobbar kontinuerleg for å fremje helse, trivsel og læring til elevane.

Eleven sin identitet og sjølvbilete, meiningar og haldningar blir til i samspel med andre. Sosial læring skjer både i undervisninga og i alle andre aktivitetar i skulen sin regi. Fagleg læring kan ikkje isolerast frå sosial læring. I det daglege arbeidet heng derfor elevane si faglege og sosiale læring og utvikling saman. Skulen skal sikre at elevane har eit trygt og godt skulemiljø.

Aktuelle lenker: Skular i Fjaler

Helsestasjontenesta driv førebyggjande og helsefremjande arbeid i kommunen, særleg retta mot barn, unge og føresette. Tenesta er eit lågterskel tilbod, som vil seie at ein kan ta kontakt ved behov, enten via telefon eller kome innom. Her kan ein få råd og rettleiing kring barnet sin vekst og utvikling. Helsestasjonen samarbeider m.a med fastlege, fysioterapeut, barnehage, psykisk helseteneste, PPT og barnevern.

Skulehelsetenesta er eit tilbod for barn og ungdom mellom 5 og 20 år. Skulehelsetenesta skal bidra til god helse blant barn og ungdom, slik at dei opplever meistring, trivsel og struktur i skulekvardagen.

Hos helsesjukepleiar kan du spørje og snakke om det du lurer på. Du kan også ta kontakt dersom du har ein ven som treng hjelp. Skulehelsetenesta tilbyr også:

  • Skulestartundersøking (i 1. trinn på barneskulen)
  • Undervisning i grupper og klassar om blant anna fysisk, psykisk og seksuell helse
  • Helsesamtale i 8. trinn
  • Veging og måling
  • Vaksinering

https://www.helsenorge.no/hjelpetilbud-i-kommunene/skolehelsetjenesten/

Helsestasjon for ungdom er eit gratis tilbod for deg mellom 12-20 år. Her kan du få hjelp og råd frå helsesjukepleiar, lege og evt. jordmor og psykolog. Dei som jobbar der har teieplikt.

Døme på emne som du kan ta opp:

  • Spørsmål om kroppen
  • Menstruasjonen
  • Forelsking og andre kjensler
  • Røyking, snus og anna rusrelatert
  • Graviditet
  • Seksualitet
  • Problem på skulen eller heime
  • Einsemd
  • Etevanskar
  • Psykiske vanskar
  • Vonde opplevingar, til dømes seksuelt overgrep, vald/sjukdom i familien

Helsestasjonen kan m.a. hjelpa deg med:

  • Samtale
  • Graviditetstest
  • Prevensjonsrettleiing og prevensjon
  • Gratis kondomar
  • Testing av kjønnssjukdomar
  • Tilvisingar til andre instansar i helsevesenet

Fysio- og ergoterapitenesta gir tilbod til barn og unge med nedsett funksjonsevne, motoriske vanskar og vanskar med aktivitetar i dagleg livet (ADL).

Tenesta skal bidra til å fremje meistring, deltaking og sjølvstende hos barn og unge, på bakgrunn av kartlegging, undersøking, observasjon og samarbeid med brukar, pårørande og andre yrkesgrupper som kan vere aktuelle.

Barnevernet skal vere ein garanti for at alle barn og unge blir sikra omsorg, tryggleik og utviklingsmoglegheiter. Dei skal beskytte barn mot omsorgssvikt, og motvirke at barn lir fysisk og psykisk overlast. Barnevernet sitt arbeid er ei blanding av støtte og kontroll. Det skal gje hjelp og støtte slik at heimen kan klare sitt oppdragaransvar, men dei har òg plikt til å gripe inn dersom støtta ikkje nyttar.

PP-tenesta skal hjelpe barn, elevar og vaksne med behov for særskilt tilrettelegging. Formålet er at dei skal få eit inkluderande, likeverdig og tilpassa pedagogisk tilbod. Eksempel på særskilde behov kan vere:

  • Språk- og talevanskar
  • Konsentrasjonsvanskar
  • Sosiale- og emosjonelle vanskar
  • Åtferdsvanskar
  • Syn- og høyrselsvanskar
  • Generelle lære- eller fagvanskar
  • Lese- og skrivevanskar
  • Matematikkvanskar
  • Nonverbale lærevanskar

PP-tenesta kan gje foreldrerettleiing, og rettleiing til tilsette i barnehage og skule.

Familievernkontoret gjev tilbod om behandling og rådgjeving når det er vanskar eller kriser i familien. Du kan ta direkte kontakt med eit familievernkontor, og alle dei tilsette har teieplikt. Samtaleterapi for par og familiar er det vanlegaste tilbodet. Familievernkontoret tilbyr òg kurs og gruppeopplegg om aktuelle familie- og samlivstema. Familievernkontoret utfører obligatorisk mekling.

Krisesenteret tilbyr beskyttelse, tryggleik, råd og rettleiing til alle kvinner, menn og barn som er utsette for vald eller truslar i nære relasjonar. Du treng ikkje vere i ei akutt krise for å få hjelp på krisesenteret. Krisesenteret tilbyr ikkje hjelp til valdsutøvaren.

Du kan ta direkte kontakt med eit krisesenter, og alle dei tilsette har teieplikt. Vi kan blant anna tilby deg:

  • Eit menneske som lyttar til det du vil fortelje
  • Informasjon om rettar, råd og rettleiing på telefon eller ved oppmøte
  • Eit mellombels tilbod om ein stad å bu for deg og barna dine.
  • Hjelp til å få kontakt med lege, advokat, politi, sosialkontor eller andre hjelpeinstansar

Krisesenteret vil, i samarbeid med deg, vurdere kva som skal til for at du skal vere trygg på senteret. Dersom krisesenteret ikkje kan beskytte deg godt nok, skal kommunen og politiet saman finne ein stad å bu for deg.

http://www.hvorlite.no/ er ei heimeside om vald i nære relasjonar, og gir informasjon om kor lite du skal finne deg i.

Nok er eit tverrfagleg, gratis lågterskeltilbod til alle personar som har vore utsett for seksuelle overgrep og deira pårørande.

Dei er også ein fagressurs som tilbyr rettleiing og undervisning til skuleklassar, lærarar, helsepersonell og øvrige fagpersonar i spørsmål som omhandlar seksuelle overgrep. Nok har undervisning på 6 trinnet.