Betre Tverrfaglig Innsats, BTI-modellen, er ein samhandlingsmodell som beskriv den samanhengande innsatsen i og mellom tenester retta mot gravide, barn, unge og familiar som det er knytt ei bekymring til. BTI-modellen skal bidra til tidleg innsats, samordna tenester og foreldreinvolvering.
Tidleg innsats handlar om å førebyggje meir og å avdekka vanskar tidlegare, hos både barn, unge og familiar som ein kjenner ei uro for. Tidleg innsats kan både handle om å oppdage vanskar i tidleg alder, og å oppdage vanskar tidleg i ei risikoutvikling. Det kan vere forhold i heimen, eigenskapar ved barnet/ungdommen/familien, eller miljøet i barnehagen/skulen eller på fritida som skapar utfordringar. Heimen, helsestasjonen, barnehagen og skulen har derfor ei sentral rolle både i å oppdage vanskar og å følgje dei opp. Hjelpetiltaka som vert sette i verk har fokus på å styrke beskyttande faktorar og redusere risikofaktorar rundt barnet/ungdommen/familien.
Samordna tenester handlar om å betre samarbeidet og ikkje minst framdrifta når kommunale basistenester som helsestasjon, skule, barnehage, og hjelpetenester (f.eks. BUF (barn, unge og familiestøtte), PPT (Pedagogisk psykologisk teneste, barnevern, barnefysioterapeut og ergoterapeut) i fellesskap skal hjelpe barn, ungdom og familiar med vanskar. BTI-modellen bidreg med ein klar struktur til styrka samhandling mellom tenester, slik at dei jobbar målretta, effektivt og heilskapleg – og utan at det oppstår avbrot i oppfølginga.
Foreldreinvolvering handlar om at BTI-modellen er basert på at foreldre/føresette i utgangspunktet alltid skal vere ein del av løysinga når barn og unge har utfordingar. Det blir derfor lagt stor vekt på at dei kommunale tenestene skal samhandle med foreldra gjennom hjelpeprosessen, og at foreldra skal involverast på eit tidleg tidspunkt etter at uroa for barnet/ungdommen har oppstått. Foreldreinvolvering inneber også at foreldre på eige initiativ kan involvere kommunale tenester dersom dei er bekymra for eigne eller andre sine barn.
Involveringa av foreldre har både ei etisk og fagleg grunngjeving. Den etiske dreiar seg om å respektere det overordna ansvaret foreldra eller føresette har for eigne barn. Det faglege dreiar seg om at foreldra ofte er ein avgjerande aktør og heimen ein viktig arena i det førebyggjande arbeidet med barn og unge.
I kommunikasjonen mellom kommunale tenester og familien, vert oppfølginga og plan over tiltak og mål dokumentert i hjelpetenestene sine arkivsystem.
Vanskar knytt til fysisk og psykisk skulemiljø (§ 9A-saker)
I arbeid med 9A-saker er det i følgje opplæringslova skulen som har ansvaret for aktiviteten og handlingsplanen som skal utarbeidast til hjelp for barnet/ungdommen. Hjelpetenestene vil vere eit supplement til skulen sitt arbeid, men kan ikkje overta ansvaret som skulen har.
BTI består av ein grunnmodell med tilhøyrande handlingsrettleiar, verktøy og kompetansen til dei tilsette.
Grunnmodellen i BTI beskriv korleis samhandlinga kan leggjast til rette på fire ulike nivå, avhengig av omfanget på vanskane som skal løysast og talet på aktørar som skal involverast:
Nivå 0: Her avklarar ein om det er grunnlag for bekymringa
Nivå 1: Beskriv tiltak innanfor kvar enkelt teneste
Nivå 2: Beskriv eit enkelt tverrfagleg samarbeid, helst mellom to tenester
Nivå 3: Beskriv eit meir omfattande tverrfagleg samarbeid mellom fleire tenester
Nivåa og tenestene i grunnmodellen vert bundne saman gjennom ein samarbeidsstruktur som er basert på at ein aktør, stafetthaldaren, har ansvar for å koordinere den tverrfaglege samhandlinga og dokumentere arbeidet i ein elektronisk stafettlogg.
Handlingsrettleiaren (BTI-rettleiaren) er sjølve oppskrifta på korleis ein skal gå fram i konkrete tilfelle der ein er bekymra for barn/ungdom/familiar. Rettleiaren skildrar strukturane og prosessane ein skal nytta seg av i arbeidet med barn og unge, både innanfor kvar enkelt teneste og mellom tenestene.
Verktøya er dei konkrete hjelpemidla ein kan og bør nytte i det daglege arbeidet med BTI-saker. Verktøya inkluderer spesifikke metodar eller rutiner som støttar handlingane i BTI-prosessen, heilt frå fasen der ein oppdagar og vurderer ei uro og vidare gjennom fasane med å avgjere, setje i verk og evaluere hjelpetiltak. Ein snakkar her om alt frå konkrete tips og råd til korleis ein samtalar med barn og unge, til mal for korleis ein kallar inn og gjennomfører møte.
